Lovavdelingen slo fast at dokumenter kan legges ut på Internett, men ikke opplysninger som er underlagt lovbestemt taushetsplikt. Den pekte særlig på at opplysninger i søknader om godkjenning av næringsmiddel kan være taushetsbelagte som forretningshemmeligheter etter forvaltningsloven § 13 første ledd nr. 2, men at dette må vurderes konkret i hver sak.
Hva saken gjaldt
Helse- og omsorgsdepartementet ba Lovavdelingen vurdere om opplysninger i søknader til Mattilsynet om godkjenning av næringsmiddel som ikke finnes på markedet, er omfattet av taushetsplikt etter forvaltningsloven § 13 første ledd nr. 2.
Departementet tok også opp om slike dokumenter kan gjøres tilgjengelige på Internett etter offentleglova § 10 tredje ledd. Spørsmålet gjaldt dermed både rekkevidden av taushetsplikten og grensen for aktiv offentliggjøring.
Rettslig vurdering
Lovavdelingen viste til at offentleglova ikke oppstiller plikt til å legge ut dokumenter på Internett, men at forvaltningen kan gjøre det etter § 10 tredje ledd første punktum. Dette gjelder ikke for opplysninger som er underlagt taushetsplikt i lov eller i medhold av lov.
Etter forvaltningsloven § 13 første ledd nr. 2 er tekniske innretninger, fremgangsmåter og drifts- eller forretningsforhold taushetsbelagt når hemmelighold har konkurransemessig betydning. Det sentrale er om offentliggjøring kan medføre fare for økonomisk tap eller redusert gevinst for den som opplysningene gjelder.
Lovavdelingen understreket at vurderingen må være konkret i den enkelte sak, og at det er organet som avgjør innsyn eller publisering som må vurdere dette. At opplysninger gir kjennskap til en idé er ikke nok i seg selv; det må også være fare for at andre kan utnytte opplysningene på en måte som skader virksomheten.
Opplysninger om et produkt eller stoff kan være taushetsbelagt dersom offentliggjøring åpner for konkurransemessig utnytting, men ikke dersom opplysningene ikke gir grunnlag for slik utnytting. Er produktet eller produksjonsmetoden patentbeskyttet, vil opplysningene som regel ikke være omfattet av taushetsplikt. I tvilstilfeller kan det være større rom for en mer konkret vurdering av om taushetspliktens hensyn gjør seg gjeldende.
Uttalelsen i fulltekst
1. Innleiing
Vi viser til brev 22. mars 2010 frå Helse- og omsorgs¬departementet (HOD), der Lovavdelinga blir bede om å vurdere om opplysningar i søknader til Mattilsynet om godkjenning av nærings¬middel som ikkje finst på marknaden, er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2. HOD kjem òg inn på høvet til å gjere dokument tilgjengelege på Internett i medhald av offentleglova § 10 tredje ledd.
2. Høvet til å gjere dokument tilgjengelege på Internett
Offentleglova stiller ikkje opp noka plikt til å gjere dokument tilgjengelege på Internett, men det følgjer av offentleglova § 10 tredje ledd fyrste punktum at forvaltninga kan gjere dokument allment tilgjengelege på Internett, med unntak for opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov. At det ikkje er høve til å gjere slike opplysningar tilgjengelege på Internett, følgjer òg av at ein pliktar å hindre at andre får kjennskap til opplysningar som er omfatta av teieplikt, jf. mellom anna forvaltningslova § 13 og helsepersonellova § 21. Vi gjer merksam på reglane i offentlegforskrifta § 7 andre ledd, som fastset ytterlegare avgrensingar i kva slags materiale som kan gjerast tilgjengeleg på Internett. Sjå nærmare om dette i Justisdepartementets Rettleiar til offentleglova side 51 flg.
3. Teieplikt for forretningsløyndomar
Spørsmålet er om opplysningar i søknadene til Mattilsynet om godkjenning av næringsmiddel er omfatta av teieplikt, og difor ikkje kan gjerast tilgjengelege på Internett eller på annan måte. Det aktuelle grunnlaget for teieplikt er forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2, som seier at ”tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretnings¬forhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår”, er omfatta av teieplikt.
Kjerneområdet for denne føresegna er forretningsløyndomar som eventuelle konkurrentar kan utnytte til skade for den verksemda opplysningane gjeld. Den sentrale avgrensinga av teieplikta ligg såleis i vilkåret om at det må vere av ”konkurransemessig betydning” for verksemda at opplysningane blir haldne hemmelege. I dette ligg at det må vere fare for økonomisk tap eller redusert gevinst for denne verksemda om opplysningane blir kjende. Sjå nærmare i Rettleiar til offentleglova punkt 6.2.4 om kva som generelt er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2. Vi nemner berre nokre hovudpunkt her.
Det må vurderast konkret i dei enkelte sakene om opplysningar i saka er omfatta av teieplikt. Det er organet som skal avgjere eit innsynskrav, eventuelt gjere eit dokument tilgjengeleg på Internett, som må vurdere dette. Synspunkt frå bransjen eller enkeltaktørar kan vere av nytte, men vil ikkje vere avgjerande ved organet si vurdering.
At opplysningar gjev kjennskap til ein idé, medfører ikkje i seg sjølv at dei er omfatta av teieplikt. Det krevst òg at offentleggjering inneber fare for at nokon kan utnytte opplys-ningane på ein måte som kan føre til økonomisk tap for den som har ideen. Det vil såleis vere avgjerande om andre kan nytte opplysningane om ideen på en slik måte, ikkje i seg sjølv det at ideen vert offentleggjort.
Opplysningar som identifiserer eit aktuelt produkt eller stoff kan òg vere omfatta av teieplikt, dersom offentleggjering av opplysningane inneber fare for at andre aktørar kan utnytte informasjonen, og det dermed oppstår risiko for tap for den som har utvikla produktet. Derimot kan opplysningar om eit produkt som ikkje gjev grunnlag for konkurrerande utnytting, falle utanfor teieplikta. Det same gjeld i prinsippet opplysningar som identifiserer målgruppa til eit produkt.
Dersom eit produkt eller ein produksjonsmetode har oppnådd til dømes patentvern, vil opplysningar om produktet eller metoden som regel ikkje vere omfatta av teieplikt. Konkurrentar vil i så fall ikkje på lovleg måte kunne utnytte opplysningane til deira fordel, og omsyna bak teieplikta vil då i utgangspunktet ikkje slå til. Dessutan er patent med utgreiing om oppfinninga offentlege hos Patentstyret.
At søknader om godkjenning av næringsmiddel eller stoff kan vere av stor interesse for ålmenta, vil ha lite å seie når det er tale om opplysningar som klart fell innanfor området for teieplikta etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2, jf. ovanfor. I tvilstilfelle kan det vere større rom for ei meir konkret vurdering av om og i kva grad omsyna bak teieplikta gjer seg gjeldande.
Etter offentleglova § 13 fyrste ledd er ”opplysningar” som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov, unnatekne frå innsyn. Tilsvarande følgjer det av offentleglova § 10 tredje ledd at forvaltninga kan gjere dokument tilgjengelege på Internett, med unntak for ”opplysningar” som er underlagde teieplikt. Dei delane av eit dokument som ikkje er omfatta av teieplikt, kan i utgangspunktet offentleggjerast på vanleg måte. Det kan nektast innsyn i heile dokument dersom vilkåra i offentleglova § 12 er oppfylt, og forvaltninga avgjer sjølv om det er ønskjeleg å gjere ”resten” av eit dokument som inneheld opplysningar underlagde teieplikt, tilgjengeleg på Internett, jf. § 10 tredje ledd.