Hele dommen
Lagmannsretten har kome til same resultat som tingretten og skal nemna: Partane er samde om at det er høve til å avlysa ein anbodskonkurranse erstatningsfritt etter tildeling, men før kontraktsignering, så framt det ligg føre sakleg grunn, jf. føresegn til lov om offentlege innkjøp § 10-1 og § 171. Som nemnt ovanfor har partane også vorte samde om at det ikkje har noko betydning for avgjerda om denne konkrete utlysinga er å sjå på som ein tenestekonsesjonskontrakt som etter «Klagenemnda for offentlige anskaffelser» sitt vedtak i sak 2003/250 ikkje er omfatta av lov om offentlege innkjøp, eller ein tenestekontrakt, idet kravet til sakleg grunn i hovudsak er det same. I kommentarutgåve til lov og føresegn om offentlege innkjøp av Gro Amdal og Inge Roll Matthiesen, 2. utgåve side 624, er uttalt: «Avlysningsgrunnen må i seg selv være saklig. Dessuten må det som utgangspunkt innfortolkes et krav om at avlysningsgrunnen ikke kunne forutses. Dersom avlysningen av konkurransen er basert på forretningsmessig forsvarlige vurderinger, vil den gjennomgående ikke være i strid med regelverket.
Dersom avlysningen skyldes forhold som ligger utenfor oppdragsgivers kontroll, vil den stort sett være forretningsmessig. Ved for eksempel et upåregnelig bortfall av behovet for anskaffelsen må det legges til grunn at vilkåret om saklig grunn er oppfylt. Motsatt vil avlysningen ikke være forretningsmessig dersom den skyldes forhold som oppdragsgiver kjente til eller burde tatt i betraktning ved planleggingen av anskaffelsesprosessen.» I Rt-2001-473 uttalar Høgsterett: «Kjæremålsutvalget deler statens syn på at kravet om forutberegnelighet må anses som en del av saklighetskravet i anskaffelsesloven § 4 annet ledd, og at det først og fremst refererer seg til at regelverket for tilbudskonkurranser må følges, både skrevne regler og de som kan utledes av det alminnelige krav til lojalitet i avtaleforhold. Dette vil ramme tilbudskonkurranser som ikke fullt ut er reelle, men som eksempelvis bare har til hensikt å «teste markedet».
Men det innebærer etter utvalgets syn ikke at en avlysning av tilbudskonkurransen uansett må settes til side dersom begrunnelsen er at tilbyderen først i ettertid finner å ville gjennomføre anskaffelsen i egen regi. Det sentrale må være om avlysningen etter en totalvurdering finnes å være saklig begrunnet (.. ...)»
Lagmannsretten legg til grunn at bakgrunnen for utlysing av anbodskonkurranse om drift av parkeringsanlegg var at eksisterande kontrakt gjekk ut, og måtte fornyast. Det er presisert fleire gonger frå SiV si side at utlysninga var å sjå på som ei rein fornying/vidareføring av det som allereie gjaldt med omsyn til parkering. Om SiV ved dette høvet kan lastast for ikkje å ha planlagt anbodsgrunnlaget nøye nok, vert behandla nærare nedanfor. I alle fall fekk anbydarane brev om kven som skulle tildelast kontrakten den 15. oktober 2004. To av anbydarane leverte inn klager til «Klagenemnda for offentlige anskaffelser» og SiV ville venta med å signera kontrakt til desse klagene var avgjorde. I mellomtida oppstod den situasjon at det, i samband med budsjettarbeidet, kom opp framlegg om å innføra betaling for parkering også for dei tilsette. Dette vart fyrste gong behandla i møte den 12. november 2004, og Parkeringsselskapet fekk same dag beskjed om dei mogelege endringane inklusive parkeringsanlegget i Sandefjord og innføring av besøksavgift i Larvik.
Det er uklart for lagmannsretten om det var sjukehuset eller Parkeringsselskapet som tok telefonkontakten denne dagen, men Parkeringsselskapet har i alle høve fått forståing av at SiV meinte at desse endringane kunne gje grunnlag for å avlysa konkurransen, noko Parkeringsselskapet sa seg usamd i ved brev av 16. november 2004. Etter behandling av framlegget i dei ulike organa, vart endeleg vedtak fatta den 1. februar 2005. Same dagen sende SiV følgjande avlysingsbrev til alle anbydarane: «Som kjent har anskaffelsesprosessen trukket noe ut i tid. Etter vår utlysing og anbudsbehandling, som endte opp i innstilling til valgt leverandør, men innen kontraktsignering, ble forutsetningene endret. Ledelsen ved SiV ønsket en vurdering av innføring av betalingsavgift for ansatte, i tillegg til det utlyste omfanget sam bare gjaldt besøkende. Innføring av betatlingsavgift for ansatte vil medøfre tilnærmet dobling av avgiftsgrunnlaget, men også differansierte betalingsformer og betydelig økning i betalingsautomater i forhold til dagens situasjon. I tillegg til arealene i Tønsberg og Larvik kommer også Sandefjord.
Med bakgrunn i at parkeringsplasser både fra besøkende og ansatte er lokalisert i samme arealer (P-hus og utearealer) er det en forutsetning fra SiV's side at (det) er en kontraktspartner. Betalingsavgift for ansatte har vært styrebehandlet i forbindelse med budsjett for 2005. Saken har også vært behandlet i AMU og de ansattes organisasjoner. I dag besluttet ledelsen ved SiV å innføre parkeringsavgift for ansatte. Vi avlyser derfor den opprinnelige konkurransen med henvisning til Forskrift om offentlige anskaffelser fastsatt ved kg.l. res. 15. juni 2001, § 10-1(1). Ovennevnte redegjørelse tilskrives saklig grunn og en vesentlig endring av konkurransegrunnlaget. Ny utlysing vil bli annonsert i nær framtid.» Lagmannsretten ser det såleis slik at det var innføring av betalingsavgift for dei tilsette, samt utviding av betalinga i Larvik og Sandefjord, som var grunnen til avlysinga. Avgiftsgrunnlaget vart med dette vesentleg utvida, det same gjaldt kravet til utstyr og administrasjon, og lagmannsretten kan ikkje sjå det annleis enn at dette i seg sjølv måtte innebera sakleg grunn til avlysing.
Spørsmålet vert så om SiV kunne eller burde ha føresett denne avlysingsgrunnen. Det har kome fram under ankeforhandlinga at byggteknisk sjef, Stig Frederiksen, tok opp spørsmålet om parkeringsbetaling for dei tilsette med dei tillitsvalde våren 2004. Framlegget møtte slik motstand at det i følgje Frederiksen vart «lagt dødt». Denne motstanden frå dei tilsette var godt kjent også for leiinga ved sjukehuset, jf. vitneprovet frå økonomisjef Gjennestad. Då seksjonssjef Nordahl tok opp att framlegget ved budsjettbehandlinga i november 2004, kom det såleis som ei stor overrasking på leiinga at dei tilsette til sist sa seg villige til å vera med på ei betalingsordning for parkering. Gjennestand forklarar snunaden frå dei tilsette med at dei «følte kniven på strupen» og at dei i valet mellom parkeringsavgift og skifte av arbeidsplass og eventuell vidare nedbemanning, heller ville godta betalinga. Lagmannsretten kan på denne bakgrunn ikkje sjå at endringa i dei tilsette si haldning var noko SiV kunne eller burde ha sett før utlysninga i august 2004.
Det ville naturlegvis heller ikkje vore naturleg – av mellom anna personalpolitiske årsaker – å ha teke atterhald i utlysinga om innføring av betaling for dei tilsette. Lagmannsretten ser det også slik at utvidinga av avgiftsgrunnlaget i Larvik og Sandefjord kom som ein konsekvens av at framlegget om betalingsinnføring for dei tilsette kom opp. Inntektspotensialet ved parkeringa kom på denne måten på dagsorden. Lagmannsretten kan ikkje sjå at dette heller var noko som kunne eller burde vore føresett som noko som kunne ha dukka opp som grunn til avlysing.
Når det gjeld den generelt dårlege økonomien, med innsparingar og tiltakspakkar, kan ikkje lagmannsretten sjå at dette i seg sjølv burde fått oppdragsgjevaren til å føresjå den komande avlysningsgrunnen. Slik lagmannsretten ser det, ligg det i kravet til sakleg grunn at det er den konkrete årsaka til avlysinga som burde vore sett på førehand. Eit anna spørsmål er om SiV burde ha teke opp spørsmålet om utviding av arealet – unnateke betaling for tilsette – ved planlegginga før utlysing av konkurransen. Slik denne planlegginga vart omtalt under ankeforhandlinga, er det ingenting som tyder på at utvidingar var vurderte, til overmål kan det sjå ut som om avgiftene i utlysingsgrunnlaget var sette lågare enn dei faktisk allereie var på vedkomande tidspunkt. Dette er likevel eit spørsmål om kva SiV som oppdragsgjevar var ute etter ved utlysinga, og manglande vurdering av mogeleg utviding av inntektsgrunnlag – eventuelt for låge prisar – er noko som først og fremst går ut over oppdragsgjevaren sjølv.
Lagmannsretten kan i alle høve ikkje sjå at det er grunnlag for å hevda at denne vurderingsmangelen er kritikkverdig i høve til likeverdig og føreseieleg saksbehandling overfor anbydarane. Som nemnt legg lagmannsretten til grunn at utvidinga av grunnlaget i Larvik og Sandefjord kom som ein konsekvens av framlegg om betalingsordning for dei tilsette, og ville neppe i seg sjølv kome opp som grunn til avlysing. Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at det kan setjast opp noko krav om at SiV ved planlegginga burde ha teke omsyn til den generelt dårlege økonomiske situasjonen, og såleis bakt inn eit atterhald i utlysinga som kunne ta høgd for ei avlysing. Det normale grunnlaget for slike atterhald er at det kan oppstå problem med finansieringa. Sidan vår sak ikkje handlar om finansiering, men om inntekter, ville det ikkje vore naturleg med noko atterhald, i alle høve ikkje noko som kunne dekkja opp for det faktisk skjedde.
Når det så gjeld alternative handlemåtar til å avlysa konkurransen, er det peikt på at det hadde vore mogeleg å halda fast ved Parkeringsselskapet som operatør på det som alt var tildelt, samt krevja inn betaling frå dei tilsette på annan måte og i tillegg lysa ut det resterande arealet. SiV har i sitt avlysingsbrev uttalt: «Med bakgrunn i at parkeringsplasser for både besøkende og ansatte er lokalisert i samme arealer (Phus og utearealer) er det en forutsetning fra SiV,s side at (det) er kun en kontraktspartner i saken.» Antal operatørar – og såleis andre handlingsalternativ – må derfor ha vore vurderte før avlysinga. I etterkant, ved notat av 15. februar 2005, og kome i stand etter at stemning var teken ut frå Parkeringsselskapet si side, er vurderinga utdjupa og konkretisert.
Lagmannsretten vil elles i denne samanhengen peika på at føremålet med notatet var formulert slik: «Det er gitt i oppdrag å utrede konsekvenser av å utarbeide nytt anbud på utvidelse av parkering for SiV, såfremt man hadde akseptert 1. anbud på parkering på SiV til iverksettelse 1. januar 2005.» Lagmannsretten ser såleis ikkje dette som ei hovudgrunngjeving av sjølve avlysinga, som synest halde fram av Parkeringsselskapet, men som ei konsekvensutgreiing av å ha fleire aktørar i drifta av parkeringsanlegga. I notatet er det også oppdaga ei misforståing vedkomande kommunale og privat tilsette kontrollørar, utan at dette kan ha hatt noko avgjerande vekt for konklusjonane i notatet. I alle høve har SiV både i dette notatet og under ankeforhandlinga gjeve uttrykk for at dei vurderte det som mest føremålstenleg med ein operatør både driftsmessig og økonomisk. Vitnet Kaare Omtvedt uttalte at han frykta det ville koma færre anbod dersom det allereie var ein aktør på delar av arealet. Han meinte også at inntektsgrunnlaget for SiV ville verta større ved at anbydarane ville sjå føremoner i å kunna få ei såpass stor kontrakt åleine.
Andre betalingsformer for dei tilsette ville for det første medføra meir administrasjon, samt at det ikkje kunne trekkjast betaling direkte frå løna idet det ikkje var nok parkeringsplassar, og dei tilsette risikerte derved å betala for noko dei ikkje fekk tilgang til. Det kan naturleg nok reisast motførestillingar mot desse vurderingane, og lagmannsretten har også merka seg at vitnet Frederiksen under ankeforhandlinga uttalte at han ikkje hadde føreteke noko slags avveging mellom Parkeringsselskapet si interesse i få oppdraget dei alt hadde fått tildelt, og SiV's behov for ein operatør. Lagmannsretten ser det likevel slik at det skal mykje til for å overprøva ein oppdragsgjevar sine skjønnsmessige vurderingar i høve til driftsmessige og økonomiske konsekvensar av å velja det eine eller det andre handlingsalternativ og ved det setja til side ei avlysing som usakleg, jf. også Rt-2002-473 . Hovudsaka må vera at den skjønnsmessige vurderinga ikkje framstår som direkte feil eller på nokon måte uforsvarleg eller utilbørleg. Lagmannsretten kan ikkje sjå at så er tilfellet her.
På denne bakgrunn er lagmannsretten komen til at avlysinga av anbodskonkurransen hadde sakleg grunn, og det ligg ikkje føre erstatningsansvar på dette grunnlag. Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at det skulle liggja føre andre saksbehandlingsfeil som skulle tilsei noko erstatningsansvar frå SiV si side. Rett nok kunne formalitetane omkring sjølve avlysinga vore handtert på ein annan måte, men ikkje noko av dette kan sjåast å ha hatt innverknad på avlysinga. Det er heller ikkje peika på konkrete feil som skulle tilsei at Parkeringsselskapet ikkje ville ha kome med anbod om dei hadde visst om dei eventuelle feila. På direkte spørsmål under ankeforhandlinga kunne ikkje Stein Haugen visa til nokon feil som kunne hatt slike følgjer.
Anken har etter dette ikkje ført fram, og Parkeringsselskapet skal i samsvar med hovudregelen i tvistemålslova § 180 første ledd erstatta ankemotpartens sakskostnader for lagmannsretten og for tingretten, jf. tvistemålslova § 180 andre ledd, jf. § 172 første ledd idet det etter det resultatet lagmannsretten er komen fram til, ikkje ligg føre unntak etter § 172 andre ledd eller slike særlege omstende som kan tilsei fritak etter § 180 første ledd. Advokat Trygve Olavson Laake har lagt fram kostnadsoppgåve for lagmannsretten på i alt kr 356.197,- inklusiv mva, og der salæret utgjer kr 279.525. Advokat Kurt Weltzien har protestert på storleiken på salæret og vist til at ein slik sum ikkje kan ha vore nødvendig for å få saka betryggjande utført. Han uttalar vidare: «Til sammenligning har denne side fremmet et salærkrav på kr 196.975. I lys av at denne side var ankende part, fremstår det som vanskelig å begrunne at sykehuset i Vestfold har fremmet et salærkrav som er mer enn kr 80.000 høyere.
Vi finner i den forbindelse også grunn til å påpeke at den altoverveiende delen av arbeidet med det faktiske utdrag ble utført av den ankende part.» Advokat Laake har i sin merknad til dette vist til at Parkeringsselskapet var representert ved same prosessfullmektig både for tingrett og lagmannsrett, noko som ikkje er tilfellet for SiV sin del. Lagmannsretten er samd med advokat Weltzien i at salærkravet er urimeleg høgt i høve til det som er nødvendig for å saka betryggjande utført, jf. tvistemålslova § 176 første ledd. Saka står som nemnt med få unntak i same faktiske og rettslege stilling som for tingretten, og sjølv om det var advokat Laakes advokatfullmektig som førte saka for tingretten, kan ikkje advokat Laake ha vore ukjent med problemstillingane før behandlinga i lagmannsretten. Det er også Parkeringsselskapet som har anka, noko som i utgangspunktet skulle tilsei at den sida hadde eit noko meir omfattande arbeid. Den andre og fjerde dagen i retten var dessutan halve dagar, slik at saka i realiteten kravde tre dagar i retten.
Lagmannsretten finn derfor skjønnsmessig å setja ned salæret til kr 175.000,-, slik at sakskostnadene etter dette vert kr 225.541,- inkl. mva. I sakskostnader for tingretten legg lagmannsretten til grunn oppgåva som var lagt fram for tingretten med i alt kr 179.355,-. Lagmannsretten har, mellom anna med bakgrunn i at det no er lagt ned påstand i form av fullføringssøksmål og den avklaring som er gjort i høve til temaet for saka, ikkje funne grunnlag for å ileggja forseinkingsrente på denne summen. Dommen er samrøystes. Domsslutning: 1. Tønsberg tingretts dom av 13. oktober 2005, domsslutninga punkt 1, vert stadfesta. 2. Parkeringsselskapet AS betalar til Sy kehuset i Vestfold HF i sakskostnader for lagmannsretten kr 225.541,- -kronertohundreogtjuefemtusenfemhundreogførtiein- innan 2 -to- veker frå forkynning av denne dommen, med tillegg av forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova § 3 første ledd 1. punktum frå forfall og til betaling skjer. 3.
Parkeringsselskapet AS betalar til Sykehuset i Vestfold HF i sakskostnader for tingretten kr 179.355,- kronereitthundreogsyttinitusentrehundreogfemtifeminnan- 2 -to- veker frå forkynning av denne dommen, med tillegg av forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova § 3 første ledd første punktum frå forfall og til betaling skjer.